Kontakt

Ordkalotten - Tromsø internasjonale litteraturfestival

Skansen Festivalsenter

Søndre Tollbugate 8
9008 Tromsø

festival{a}ordkalotten.no
Festivaltelefon:     +47 95834863

Postboks 539
9256 Tromsø


 

Hopp over seksjon - Til hovedinnhold - Topp

Til toppen av siden

2011 | 2012 | Juni - September - Oktober - Desember

Ordkalotten og Nordnorsk forfatterlag samarbeider, faglitterært seminar om Kjell Fjørtoft og minnekonsert for Jack Berntsen

14.09.2011

Ordkalotten, Nordnorsk forfatterlag og Tromsø Museum samarbeider om det første faglitterære seminaret i landsdelen!

Med støtte frå Norsk kulturråd, og med samarbeidspartnarar som Tromsø internasjonale litteraturfestival Ordkalotten og Tromsø museum, blir det første faglitterære seminaret i landsdelen er ein realitet!

Fjørtoftseminaret tjuvstartar årets ”Ordkalott” tysdag 4. Oktober i Museumssalen (Tromsø museum), og set fokus på den nordnorske forfattaren og journalisten, dokumentaristen og filmskaparen Kjell Fjørtoft sitt kunstnarlege virke. Målet er å få til eit årvisst faglitterært seminar i Fjørtoft sitt namn.

I fjor gjekk to av Nordnorsk forfatterlag sine æresmedlemmar bort; Jack Berntsen og Kjell Fjørtoft. Og laget vil heidre dei med eit faglitterært seminar og ein minnekonsert. Med dette markerer Nordnorsk forfatterlag den viktige kulturarven etter dei begge. Vi har lagt opp til at begge arrangementa, som skjer i Tromsø, tysdag 4.oktober, skal bli ei spennande, urtodoks, kunnskapsrik, kraftfull, verdig og artig oppleving. – Velkommen!

PROGRAM MINNEKONSERT for JACK BERNTSEN
Museumssalen (Tromsø Museum) klokka 2000. Tysdag 4. oktober.
Det går buss frå Fr. Langes gate til museet klokka: 1910.                                     Kafeen Rotunden er open for enkel servering.

ARTISTER
Sverre Kjelsberg
Lars Bremnes
Helge Stangnes
Marit Sandvik og Øystein Norvoll
Dag Kajander
Sandnessundkoret under leiing av Sissel Helland,
Ola Graff og Odd Arvid Eilertsen
Konferansier Kine Hellebust

(Vi avventar enno svar frå eit par artistar)

 

PROGRAM for FJØRTOFTSEMINARET
Tromsø museum (Lars Thørings v. 10) kl. 10 00 – tysdag 4. oktober.
1000 – 1015: Innsjekk vestibylen Tromsø museum – kaffi /te
1015 – 1030: Opning /praktisk info for dagen.
1030 – 1110: Eva Huseby, faglitterær forfattar: Min oldemors øy i havet.

1115 - 1150: Sylvi Liljegren, nrk-produsent, journalist og forfattar:                           Presenterer radiodokumentar om Kjell Fjørtoft.
1150 – 1205: Pause med kaffi/te
1210 – 1245: Fredrik Fagertun, Institutt for historie og religionsvitenskap, UiTø: Andre verdenskrig i Nord-Norge - en glemt og fortiet historiefortelling.

1245 – 1315: Lunsjpakke i Rotunden.

1315 – 1350: Asbjørn Jaklin, forfattar og journalist:
         Geografiens forbannelse. Nord-Norge i den kalde krigen

1355 – 1440: Ivan Kristoffersen: tidl. redaktør i avisa Nordlys:                           Kjell Fjørtoft - en nordnorsk ildsjel.

1445 – 1530: Finn Sjue, tidl. rektor journalisthøgskolen Oslo:                              Noen må grave opp møkka - altfor mange dekker over.
1530 – 1600: Spørsmål og avrunding.


NB!: Museumssalen har avgrensa med plassar, og derfor går vi etter prinsippet: FØRST TIL MØLLA.

Du kan reservere plass på begge arrangementa ved å kontakte Nnf på telefon 94226828  eller på e-post: www.post@nordnorskforfatterlag.no

 

NBNB: I 2012 fyller Nordnorsk forfatterlag 40 år, og i tillegg til denne tjuvstarten på eiget jubileum i 2011, vil dei sjølvsagt også markere 40års-jubileet med ulike litterære markeringar i landsdelen til neste år også. Så følg med!

Topp

Innholdsoversikt | Gnist Design © 2007-12 | Siteman CMS | KP