GÃ¥ til innhold

Skrivekurs m/Ingrid Z. Aanestad – dag 2.


dag 2.

søndag 8. november kl. 11:00–14:00 , Tromsø bibliotek (Se kart)

Treng du startkablar og inspirasjon til eiga skriving? Norsk Forfattersentrum og Ordkalotten inviterer til skrivekurs med Ingrid Z. Aanestad 7.-8. november, på Tromsø bibliotek.
Kurset går over to dagar med tre timar kvar dag. Deltakarane vil få tilbakemelding på eigne tekstar, og det blir utprøving av ulike inngangar til skriving i form av småoppgåver og igangsetjarar.
Deltakarane leverer to-tre sider tekst på førehand. Anten dikt, kortprosa eller utdrag frå lengre prosatekstar. Tekstane blir samla i eit kompendium som deltakarane får utlevert før kurset.
Deltakarane leverer to sider tekst på førehand. Anten dikt, kortprosa eller utdrag frå lengre prosatekstar. Tekstane blir samla i eit kompendium som deltakarane får utlevert før kurset.
Kurset har ti plassar.

Stad: Tromsø bibliotek og byarkivs store møterom
Tid: Laurdag 7. november kl. 13.00 -16.00 og
Søndag 8. november, kl. 11.00-14.00
Pris: 1500/1300 (Medl. Norsk Forfattersentrum eller student)
Påmelding: innan 25. oktober til ingvild.holvik@forfattersentrum.no
Frist for å sende inn tekst: 1. november

Medvirkende:

Dette skjer før og etter