GÃ¥ til innhold

Yt etter evne, få etter behov


Forfatter Olaug Nilssen vann Brageprisen i 2017 for romanen Tung tids tale, ei sterk historie om å vere forelder til eit autistisk barn. I 2020 gav ho ut romanen Yt etter evne, få etter behov, som fører tematikken vidare. I samtale med Kjersti Kollbotn om å skrive akutt viktige romaner.

torsdag 11. november kl. 20:30–21:15 , Storgata Camping (Se kart)

Olaug Nilssen debuterte med romanen Innestengt i udyr (1998) og fekk sitt store gjennombrot med romanen Få meg på, for faen (2005) som også blei film. I 2017 vann ho Brageprisen for romanen Tung tids tale, ei sterk historie om å vere forelder til eit autistisk barn. I 2020 gav ho ut romanen Yt etter evne, få etter behov, som fører tematikken vidare, og som fekk P2-lyttaranes romanpris.

I 2021 fekk Olaug Nilssen, Jan Grue og Bjørn Hatterud Stiftelsen Fritt Ords Pris, «for deres sterke og kritiske bidrag til å belyse samfunnssituasjonen og ytringskulturen for funksjonshemmede i Norge» Nilssen har også nyleg omsett Lina Limans Kunsten å feike arabisk frå svensk, ei sjølvbiografisk forteljing om å leve med autisme.

Kjersti Kollbotn er skjønnlitterær forfattar. Ho sitt for tida i Det litterære råd i Den norske Forfatterforening.

 

Foto: Bent R. Synnevåg

Medvirkende:

Dette skjer før og etter