Avdød hovudforfattar i 2023: Sissel Solbjørg Bjugn
Ordkalotten ønsker i år å belyse den mangslungne arven etter den nyskapande poeten, illustratøren og den radikalt religiøse og samfunnsengasjerte forfattaren Sissel Solbjørg Bjugn.
Sissel Solbjørg Bjugn blei fødd i 1947 på Setermoen i Bardu, voks opp på Rygge og i Oslo, studerte filosofi i Tromsø og døydde i Bodø i 2011. Då ho debuterte med diktsamlinga Den første avisa på Lofotveggen, som ho fekk Tarjei Vesaas debutantpris for, hadde ho lenge publisert enkeltdikt i avisar og tidsskrift. Debutsamlinga vitnar om ein nyskapande poet med sans for friske språklege bilde og det ho sjølv kalla montasjar: overraskande samanstillingar mellom tekst, illustrasjonar og sitat er eit markant trekk
Bjugn gav i alt ut seks diktbøker for vaksne. Dei er tematisk mangslungne og går uredd i dialog med tekstar frå både verdslitteraturen og populærkulturen. I det meste av sitt vaksne liv hadde ho base i Nord-Norge og lokalsamfunna ho skreiv frå sette sitt preg på poesien hennar. Ei tid hadde ho arbeid ho i fiskeindustrien i Båtsfjord i Finnmark, som gav opphav til fleire enkeltdikt i debutsamlinga. Spenn beltet kring livet og hald lampa tend skreiv ho då ho budde i Sulitjelma og diktsamlinga har nærmast form av ei reportasjebok frå gruva. Dei to siste diktbøkene hennar, Tornekysset (1992) og Depp (1999) ber preg av eit stort personleg og eksistensielt alvor, utan at språket gir slepp på den overskotsprega leiken av den grunn.
Bjugn skreiv også eit titals barne- og bildebøker og sende jamleg tekstar ut i offentlegheita,. Mange av desse er samla i portrettboka Skrive, teikne, røre og slåst!: av og om Sissel Solbjørg Bjugn, utgitt avTor Eystein Øverås. Då Bjugn døydde, testamenterte ho arkivet sitt og forfattarrettane til Øverås, som også kjem til årets Ordkalotten.
PS: Årets to hovudforfattarar på vaksenprogrammet, Bjugn og Wassmo, er fødd i same tiår, og var aktive i Nordnorsk forfattarlag på same tid. Då Bjugns dikt «Heltinnetrinnet» i 1988 stod på trykk på kronikkplass i Dagbladet provoserte ordvalet i verselinja «Den finaste fitta i Nordland er mi» enkelte av Bjugns mannlege kollegaer og utløyste den såkalla «fittedebatten» der Herbjørg Wassmo var blant dei som rykte ut til støtte for diktets kunstnarlege kvalitetar!