GÃ¥ til innhold

Ingrid Z. Aanestad


Ingrid Z. Aanestad skriv stilistisk utsøkt prosa. Sidan debuten i 2006 med romanen I dag er ein fin dag  har ho perfeksjonert ei luftig poetisk skrift, med korte scener der detalj og djupn skrivast fram i løpet av få setningar. Årets roman Ein dag vaknar me og det er sommar skildrar eit gryande forhold mellom to kvinner, Mir og Ruth, og har fått varm mottaking av kritikarane; «Kontant og følsomt» skriv Janneken Øverland i Klassekampen.
Aanestad har også gjendikta Woolgathering av Patti Smith, ei samling poetiske fragment, som på norsk har fått tittelen Sanka ull (2013),  og skrive essayet Kva hender i romanen? (2018) i serien Lese, skrive (L/S#1).

Ingrid Z. Aanestad avholder årets skrivekurs i regi av Ordkalotten og Norsk Forfattersentrum Nord-Norge.

Foto: Cato Lein

Opptreden(er) på Ordkalotten