Kom og varm opp til Ordkalotten med ein uhøgtidleg litteraturkviss!
Kvissvertane Åsne&Sigrun utfordrar den litterære tungvektaren og den kulturelle allmennkonsumenten til å hente fram kunnskap og assosiasjonar frå dei kulturelle krikane og krokane av hjernen. Me kan friste med litteraturspørsmål frå fjern og nær, aktuelle og historiske – og frå mange sjangrar.
Kom som lag eller kom åleine – så lagar me lag.
Max 5 stk per lag.
Onsdag 4.11 kl. 21:00
Bakrommet på Amtmandens. Gratis!
Kvissvertar: Sigrun og Åsne Høgetveit
Kvissen er eit samarbeid mellom Tromsø mållag, Ordkalotten og Norsk Forfattersentrum Nord-Norge.